Pleiere, dukkepasient og ett skåringsverktøy
Helse og omsorg

Simulering aukar pasienttryggleiken

Verdighetsenteret nyttar simulering som pedagogisk metode. Dette for å øve på pasientsituasjonar helsepersonell i eldreomsorga mest sannsynleg kjem til å møte .

Publisert 30. jun. 2023 Tekst: Gro K. Eide og Elsa C. Irgens Foto: Silje Robinson

Helsedirektoratet oppmodar helseverksemder å nytta simulering for å auka fagkompetansen hjå tilsette (Helsedirektoratet, 2020).

Arbeidskvardagen til tilsette i eldreomsorga vert stadig meir kompleks med mange situasjonar der dei kan kjenne seg usikre. Stadig fleire faglege vurderingar må takast for å ivareta pasientane på ein kompetent måte.

Formålet med simulering er å byggje bru mellom teori og praksis. Ein ynskjer å auke fagkompetanse og kvaliteten på pasientbehandlinga. Simulering kan slik bidra til å auka pasienttryggleiken. Det vil også bidra til betre kommunikasjon og samarbeid både med pasient og kollegaer.

- Det å få øva på reelle pasientscenario gjer at ein er meir førebudd på situasjonar som ein heilt sikkert kjem til å møte. I tillegg kan ein øve på aktivitetar som ikkje skjer så ofte, men som ein likevel må meistre om dei oppstår. På Verdighetsenteret har me gode erfaringar med å bruke simulering som pedagogisk metode. Me nyttar simulering i etterutdanningane Palliativ og Akuttmedisinsk eldreomsorg. Tilsette ved Verdighetsenteret var på fasilitatorkurs ved VID- Bergen i vår, for å kunne tilretteleggje for gode opplevingar med simulering. Fokuset til fasilitator er å lage rammer for simuleringa og legge til rette for refleksjon.

Organisering av simulering

The International Nursing Association for Clinical Simulation and Learning (INACSL) har utvikla standard for gjennomføring av simulering delt inn i tre fasar: Brifing, scenario og debrifing (inacsl.org).

Brifing har som hovudmål å skapa eit trygt læringsmiljø. Ved brifing går ein gjennom læringsmål, roller, innhald i scenarioet og aktørane får orientere seg i det fysiske læringsmiljøet.

Scenarioet skal framstilla ein reel situasjon ein kan komme til å møte i praksis. Det skal lagast med utgangspunkt i læringsmåla og gi grunnlag for vidare refleksjon.

pasient i seng med pleier som holder i hånden

Refleksjon og læring

Debrif er den viktigaste delen av simuleringa der refleksjon og læring skjer.

Her snakkar me gjennom kva som skjedde i scenarioet med tanke på læringsmåla.
Sentrale spørsmål å reflektera over er: kva gjorde den enkelte og gruppa bra, kvifor gjorde du det slik, kunne det vore gjort annleis?

Ein fordrar å tenkje kritisk til eigen kompetanse og identifisera ytterlegare læringsbehov. Samt knyte saman teoretisk, etisk og praktisk kunnskap. Avslutningsvis oppsummerar kvar og ein kva dei vil ta med seg vidare inn i praksis.

flere pleiere sitter sammen og diskuterer

Simuleringa kan nokre gonger opplevast særs realistisk for deltakarane, og dette kan påverke mange emosjonelt.

Anine Madsgaard, tilsett som fyrsteamanuensis ved VID, har gjennomført ein studie der ho såg på korleis emosjonelle reaksjonar kan påverke helsepersonell si læring i simulering (Madsgaard, 2022). Ho påpeikar at gjennom dei tre fasane i simuleringa med brifing, scenario og debriefing vert aktørane i simuleringa aktivert. Størst læringsutbytte kjem når ein vert kognitivt, psykomotorisk og emosjonelt aktivert. Altså når me må vurdere, tenkje, utføre og samstundes vert påverka kjenslemessig av simuleringa.

Emosjonar skapar tryggleik

Madsgaard uttrykkar vidare at det er viktig at fasilitator skapar psykologisk tryggleik, samstundes som ein tilrettelegg for at aktørane vert utfordra. Funn frå Madsgaard (2022) si forsking fann også at deltakarane i simulering kan få ei kjensle av at dei skal prestere og at det er ein slags test av kunnskap og ferdighetar. Igjen ser ein kor viktig det er at fasilitator skapar eit trygt læringsmiljø der deltakarane ikkje skal kjenne på at dei vert testa om dei er gode nok, men at det nettopp er mogleg å bli fagleg tryggare i møte med pasienten.

Me nyttar simulering i etterutdanningane Palliativ og Akuttmedisinsk eldreomsorg.

Sjå under for påmelding:

Referansar:

Helsedirektoratet (2020), Forsiden, Faglige, råd, Tidlig oppdagelse og rask respons ved forverret somatisk tilstand, Kompetanse. Lest 23.06.23 frå: https://www.helsedirektoratet.no/faglige-rad/tidlig-oppdagelse-og-rask-respons-ved-forverret-somatisk-tilstand/kompetanse/ansatte-bor-jevnlig-gjennomfore-ferdighetstreninger-og-tverrfaglig-simulering-av-ulike-risikosituasjoner-ved-forverret-somatisk-tilstand

Madsgaard, A., Røykenes, K., Smith-Strøm, H., & Kvernenes, M. (2022). The affective component of learning in simulation-based education–facilitators’ strategies to establish psychological safety and accommodate nursing students’ emotions. BMC nursing, 21(1), 91.Lest 29.06.23 frå: https://link.springer.com/article/10.1186/s12912-022-00869-3

Molnes, S.I., Hagen,I.H., Kongshaug, A.V., Vadset, T.V., Ryste, T.O. Alnes, R.E. (2016) Simulering gir økt læringsgevinst. Sykepleien fag. Lest 29.06.23 frå: https://sykepleien.no/sites/default/files/publication-pdf/fagart_simulering_gir_okt_gevinst_ny.pdf (sykepleien.no)

The International Nursing Association for Clinical Simulation and Learning (INACSL Hjem (inacsl.org)